top of page
vindauge.jpg

Restaurering av vindauge

Tidspunkt: Onsdag 24.april,kl.18.00- laurdag 27. april (avslutning og utstilling søndag) (30 timar)


Kursavgift: 5 200 kr ved påmelding innan 1. mars. Etter 1. mars gjeld       5 600 kr. Materiell kjem i tillegg. Lunsj og middag er inkludert i kursavgifta.
30% i studentrabatt

Kursstad: Hjerleid, registrering i Gulbygget på Hjerleid frå kl 17.00 onsdag.
 

Kurset gjev introduksjon i restaurering av gamle vindauge. Få kunnskap om bruk av verktøy og materialar til restaurering og istandsetting av gamle vindauge etter antikvariske retningsliner.Vi skal lage kitt, bruke kvistlakk, linolje, skjære til glass, fjerne kitt, reparere treverk etc.

Gje gamle og slitne vindauge ei overhaling og nytt liv!  Det kan sjå ut som om vindauga er i dårleg forfatning, men ofte er dei gamle vindauga laga av svært haldbare og solide materialar.
Vindauga er huset sine augo og gjev huset særpreg.

Deltakarane må ha med følgjande utstyr til kurset:

  • Eigna vindauge, dersom du har

  • Tvinger

  • Malingsskraper

  • Hammar

  • Huggjarn/stemmjarn

  • Nebbtang

  • Batteridrill

  • Kittkniv

  • Skrutrekkjar

  • Lite brekkjarn

  • Varmluftspistol, dersom du har


Kurslærer: Jonny Vindfjell

bottom of page