top of page
bøkring 2.jpg

 

Kurset er fullt.*

Tidspunkt: onsdag 24. april kl 13.00 – laurdag 27. april (avslutning og utstilling søndag), 35 timar

Kursavgift: 6 000 kr ved påmelding innan 1. mars. Etter 1. mars gjeld 6 500 kr.  Lunsj og middag er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt 
Kursstad: Hjerleid, registrering i Gulbygget på Hjerleid frå kl 12.00 24. april

Kurslærar: Endre Opdal Kvarmestøl. Endre har sveinebrev i bøkkerfaget og jobbar på Tønnegarden i Fusa, Vestland.

Kva er tønnemaking?

Ein handverkar som lagar tønner blir kalla ein bøkkar.

Stavbygde kar ser ut til å ha blitt innført i Norge omtrent år 300 e.Kr.

Tema: Konstruere og produsere tretønne
Læringsmål: Kursdeltakarane skal lære å konstruere og produsere ei tønne i furu. Kurset omfatter bruk av tradisjonelle handverktøy/høvlar. Det blir og opplæring i materialkvalitetar, bruksområde og kva som er viktig for å lage ei tett tønne.
Nivå: Kurset passar for personar med litt erfaring innan handverktøy og bruk av tre som materiale.
Målet med kurset er at deltakerne skal kunne bruke tradisjonelle handverktøy/høvlar og forme materiala riktig slik at det blir tett tønne.
Litteratur: Kun eigne teikningar og plan for arbeidet.
Innhald: Deltakarne skal konstruere og lage ei tønne i furu på ca. 115 liter. Undervising: Kurset vil i hovudsak bestå av praktisk arbeid, men vil og omfatte noko teikning og konstruksjon/volumberekning.
Ta med: Gode arbeidsklær og sko, helst med vernetå. Ellers hanskar, høyrselvern og skinnforkle, dersom du har.
Materialar: Materialkostnadene ligger vanligvis på 350 kroner. Dette skal betalast på vipps til Tønnegarden, eller blir lagt til kursavgifta. I

 

Ein kkar (også kalt bøtker og tønnemakar), er ein handverkar som lagar tønner (eller andre runde eller ovale kjørlar) av bua trestavar. At stavane er bua, gjer at tønna blir tjukkast på midten. Da blir den litt elastisk og dermed toler den «ein støyt», noko som er ein stor fordel både under fylling og transport.

Tønna blir halde saman av utvendige band. Tidlegare var det vanleg å bruke treband, men etter hvert vart metall mest brukt.

I dag er det veldig liten produksjon av tønner i Norge. I Sør-Europa derimot, eksisterer bøkkarfaget framleis - der bruker vin- og brennevinindustrien tønner.

Ei tønne blir sett saman av stavar av tre som blir høvla til ein etter ein. Det ferdige karet skal trutne og bli tett. Stavar av kvalitet skal difor takast radiært av trestokken. Da utvider staven seg i breidda når den trutnar, og sprekkane mellom stavane blir tette. I staven blir det skore ut eit spor til botn og eventuelt lokk i behaldaren. Stavane blir sett ein etter ein rundt botnen. Dei kan forbindast med trenaglar, og blir alltid halde saman av treband som blir sveipa rundt behalderen.

 

For spørsmål ta kontakt med: 
Ragnhild Angard: +47 959 98 409, ragnhild@hjerleid.no

* Om du ønskjer å stå på venteliste til fulle kurs, ta gjerne kontakt.

Meld deg på kurset

Tønnemaking/bøkring

Meld deg på kurset
bøkring.jpg
bottom of page