Skog og materialkurs (Fullt kurs*)
Tidspunkt: Onsdag 24.april kl 09.00 - laurdag 27. april (avslutning og utstilling søndag) (35 timar)
Kursavgift: 6000kr ved påmelding innan 1. mars. Ved påmelding etter 1, mars, gjeld 6500 kr. Alle måltid er inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt
Kursstad: Ute i skogen på Dovre, i Bygningshistorisk park og på sagbruket på Hjerleid.
Registrering på Hjerleid i Gulbygget frå kl 08.00 onsdag 24. april.
Kursinnhald:
Bli med på heile prosessen frå treet står på rot i skogen til det er klart for bruk. Tømmeret blir kip-køyrt fram med hest. Deltakarane er med på befaring i skogen for å velje ut trær med riktig kvalitet i høve til spesifikke prosjekt, blinkar/plukkar trea ut og feller. Val av køyreteknikk må gjerast ut frå terreng og føre. Deltakarane vil få generell kunnskap om skogen, noko kløyving av tre og spon, dimensjonshugging av tømmer – kanskje har ein eller fleire av deltakarane behov for tømmer til eit spesifikt prosjekt? Om kvelden blir det foredrag om mellom anna vassgang og eigenvekt på tømmeret.
Deltakarane får kunnskap om reiskap, hesten, planlegge køyring, sikkerheit og løfteteknikkar.
Utstyr: Vernesko, skogsøks, arbeidsklede, hanskar, sikkerheitsutstyr (hjelm), høyrselsvern, tømmersaks (dersom du har). Kle deg godt!
Kurslærar: Jo Kåre Bakke, Jon Bojer Godal, Steinar Moldal, Gjermund Andersen (Naturvernforbundet og forfattar) og hesten Lykke.
Aktuelle tema: Finns det gode alternativ til slik skogen blir drive i dag? Skogen og materialkvalitet, blæking, felling og saging, densiteten og eigenvekt.
Saging og skurmønster. Kva er konsekvensane økonomisk og miljømessig ved overgang til fleiralder-skogbruk? Vurdere skurmønster, eigenskapar i stokkane, ulike materialar til ulike formål. Valg av materialar til ulike byggeformål.
Om foredragshaldarane:
Steinar Moldal: Byggmeister, ingeniør, dagleg leiar av Dovre handverkssenter as på Hjerleid. Kurshaldar og rådgjevar i materialkunnskap, skogforsking og i tradisjonelle byggeteknikkar. Medforfattar av fleire fagbøker om lafting, reiste konstruksjonar m.m.
Jon Bojer Godal: kjent som formidlar av tradisjonell handverkskunnskap, både gjennom bøker og foredrag. Han har særleg arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar.
Jo Kåre Bakke: Hestkar og skogsarbeidar. Har halde fleire skogskurs med bruk av hest som reiskap, både for Hjerleid og for andre.
For spørsmål ta kontakt med:
Ragnhild Angard: +47 959 98 409, ragnhild@hjerleid.no
* Om du ønskjer å stå på venteliste til fulle kurs, ta gjerne kontakt.