Lag din eigen langeleik
Skap ditt eige instrument!
Tidspunkt: Måndag 22.april - søndag 27. april
Kursavgift: 8100kr ved påmelding innan 1. mars. Ved påmelding etter 1. mars, gjeld 8600 kr.
Inkjludert i kursavgifta er festmiddag laurdag, alle måltid elles, kaffi, te og pausemat.
Materialkostnadar: 500 - 1000 kr. Ta med kopp.
30% i studentrabatt (under 26 år).
Kursstad: Hjerleid handverksskole. Registrering i Gulbygget på Hjerleid.
Lærar: Oddrun Hegge
Velkomen til kurs der du får høve til å lage din eigen langeleik – eit tradisjonsrikt instrument med røter
i norsk folkemusikk. Å byggje ein langeleik er ei reise i både handverk, kunst og musikk, der kvar deltakar
kan sette sitt eige preg på instrumentet.
Kursinnhald
Å lage ein langeleik er ein tredelt prosess:
1. Snekkararbeidet
Her lagar vi sjølve kroppen til instrumentet. Gjennom enkle metodar og praktiske steg får du forme din eigen langeleik, tilpassa ditt nivå.
2. Kunst og utsmykking
Langeleiken har ikkje berre ein funksjon, han er òg eit kunstverk! Du får lære grunnleggjande teknikkar for å dekorere instrumentet med mønster og utskjeringar, inspirert av tradisjonar frå ulike regionar.
3. Rigging og «pust»
I den siste fasen gjev vi instrumentet liv ved å montere strenger og stemmeskruar. Du får lære korleis du kan rigge og stemme langeleiken, og korleis du kan spele dei første tonane.
Overflatebehandling
Å gi langeleiken ei vakker og varig overflate er eit kapittel for seg. Vi brukar tradisjonelle metodar for å sikre både estetikk og haldbarheit.
Modellar til inspirasjon
Langeleiken har mange uttrykk og variantar, alt etter geografisk opphav. Modellen vi byggjer i dette kurset, er enkel nok til å fullførast på ei veke og er inspirert av ein frå Nord-Valdres. For deltakarar som ønskjer ei ekstra utfordring, kan vi sjå på modellar frå Gudbrandsdalen – ei rik kjelde til inspirasjon.
For alle nivå
Kurset er ope for deltakarar på ulike nivå. Du kan bruke den tida du treng på dei tre hovuddelane av prosessen. Målet er at alle skal koma i mål med sitt eige unike instrument – og oppdage gleda ved å skape og spele!
Ta del i denne spanande tradisjonen og lag ditt eige instrument som kan bringe musikk og minner i generasjonar framover!
Me gler oss til å byggje saman med deg!
Oddrun Hegge
Instrumentmaker, formidler og langleikutøver fra Valdres. 40 år med fartstid i bransjen, og har bygget et stort antall langeleiker av ulike modeller.
Bilde: avisa valdres
Kursbilde