Kyrkjesafari
Altartavle i Lesja kyrkje Foto: Gudbrandsdalsmusea.
Dombås kyrkje under restaurering. Foto: Bente Haarstad
Målgruppe:
Absolutt alle! Kanskje har du interesse for kyrkjehistorie og lokalhistorie, eller du er tilsett eller folkevald i kyrkjene? Kanskje er du handverkar som vil lære meir om kyrkjebevaringsprogrammet og utfordringar knytte til kyrkjebygg? Eller du er rett og slett berre interessert i å lære? Alle som er interesserte i kyrkjebygg som arkitektur, som samlingsstad, som konstruksjon og som heim.
Program
Besøk til tre bevaringsverdige kyrkjer i Lesja og Dovre
9.00: Oppmøte ved Dovre kyrkje, kort introduksjon ved Hans-Jacob Dahl. Parkering tilgjengeleg.
9.15: Avreise med buss til Lesja kyrkje (1740) – kyrkja si historie blir formidla på bussen (ca. 35 min).
10.00: Omvising med vekt på utsmykking (treskjering, måling, smijern), og symbolikk og oppbygging av altartavle og preikestol m.m. ved Hans-Jacob Dahl. Vedlikehald og bygningsmessige utfordringar ved Gudbrandsdalsmuseet.
11.30: Kaffi/te + vaflar og matpakke i Tunstugu/Bellestugu.
12.15: Avreise til Dombås kyrkje (ca. 20 min).
12.45: Omvising i Dombås kyrkje (1939) ved Hans-Jacob Dahl og representant for kyrkja sitt fellesråd. Eventuelt arkitekt. Korleis gjenreise ei brannskadd kyrkje som er bevaringsverdig?
14.00: Avreise til Dovre (ca. 20 min).
14.30: Dovre kyrkje (1736). Omvising med vekt på utsmykking (treskjering, måling, smijarn), og symbolikk og oppbygging i altartavle og preikestol m.m. ved Hans-Jacob Dahl. Om vedlikehald og bygningsmessige utfordringar ved Gudbrandsdalsmusea. Gravminne på kyrkjegarden.
16.00. Avslutning
19.00: Tilbod om middag på Toftemo turiststasjon (må bestillast, kr 250,-).
20.00: Tilbod om foredrag på Toftemo om «Kirkeløftet» ved Per Steinar Brevik i Kirkebevaringsfondet.
Pris for dagseminaret: kr 600,- (studentar under 26 år/elevar: kr 300,-).
Inkluderer: Felles transport i buss, kaffi/te og vaflar, omvisingar og kveldens foredrag.
Dovre kyrkje. Foto: Jorun Hoksrud.