Korg i splitta material
Fredag 25. april kl 09.00 - til søndag 27. april kl 12.00.
Ca 20 timar.
Kursavgift: 4500 kr ved påmelding innan 1. mars. Ved påmelding etter 1. mars, gjeld 5000 kr. Festmiddag laurdag, alle måltid elles, kaffi, te og pausemat inkludert i kursavgifta. Ta med kopp.
30% i studentrabatt
Kursstad: Hjerleid håndverksskole. Registrering i Gulbygget på Hjerleid.
Lærar: Hege Iren Aasdal.
Hege Iren har i mange år jobba med fleire typar tradisjonelle korger i prosjekt gjennom Norsk Håndverksinstitutt. I 2020-2023 har ho hatt eit stipendiat for Håndverksinstituttet, der ho har fordjupa seg spesielt i korger i splitta materiale.
Mål: lære å splitte og bearbeide materialar for hand og lagar alt vyrkje til eigne korger.
Splitta material
I Noreg har det tradisjonelt vore laga mange ulike typar korger i splitta material. Pinnane vart delte for å gjera dei smidige nok og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinnar like, så dei må bearbeidast for å bli jamne og like nok til å setja saman til ei korg.
Denne bearbeidinga må gjerast for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om du kan bruke mange ulike material. Deltakarane vil lære å splitte og bearbeide material for hand og lager alt material til egne korger.
Det er mange ulike variantar av korger i splitta material. På dette kurset kan deltakarane velgje mellom aktarkorg og ei lita korg med handtak. Materialane og framgangsmåten er den same, flettemønsteret litt annleis.
Utstyr:
Deltakarane må ta med kniv, hanskar, gode arbeidsklede, eventuelt forkle og hagesaks (vi har til utlån og salg)