

Barnas TREseminar
TREseminaret - eit arrangement for heile familien!
Velkomne både liten og stor til å lære om tradisjonshandverk på TREseminaret!
I 2025 blir Barnas TREseminar lagt til Bygningshistorisk park på Dovre, laurdag 26. og søndag 27. april, saman med ein heil liten "festival" av handverksaktivitetar arrangert av Norges Husflidslag og lag og foreiningar frå regionen. Temaet for Barnas TREseminar er «rundt bålet», og medan vi er samla rundt bålet, vil du lære om ulike treslag, kløyving av emne og fantasifull spikking, samtidig som du lagar spel, leikar og praktiske saker og ting. I tillegg blir det mogleg å prøve seg på tradisjonshandverk som smiing, veving, plantefarging mm.
Barnas TREseminar er opent for alle interesserte barn i skulealder, og det er ingen føresetnad for påmelding at foreldre skal gå kurs.
Skuleelevar frå 5. og 9. klasse som har delteke på TREseminaret tidlegare i veka, får gratis inngang i Bygningshistorisk park.
Tid: 09.00-17.00 (Til 13.30 på søndag)
Pris: 300 kr
Kursstad: Oppmøte i Bygningshistorisk park på Dovre, Solsidevegen 674, ca 4 km frå Hjerleid.
Måltid: Deltakarane må ha med seg matpakke, men får servert saft, kjeks og frukt i løpet av dagen, rømmegraut og spekemat til lunsj på søndag. Ta med kopp.
Utstyr: Barna må vera kledde for å vera ute, og kan gjerne ha med eigen spikkekniv. Vi har og knivar og verktøy til utlån.
Kurslærar: Evelyn Utigard og Arild Larsen, konsulentar i Norges Husflidslag.