Barnas TREseminar, "Grønn sløyd"
TREseminaret - eit arrangement for heile familien!
Velkomne både liten og stor til å lære om tradisjonshandverk på TREseminaret!
Vi lar barna få vera med å lære om tradisjonshandverk på eige kurs, der dei får dei prøve seg på tradisjonelt trehandver. Barna får lære om teknikkar, materialar og skjærande verktøy med utgangspunkt i heftet "Grønn sløyd".
I tillegg til å lage eigne bruksgjenstandar, tek vi ei runde på dei andre kursa på Hjerleid for å sjå korleis dei vaksne jobbar med sveiping, lafting, kolrosing, korgfletting og mykje meir. Og så blir det sjølvsagt mykje leik og moro! Slik kan foreldre/besteforeldre med godt samvet gå på «vaksen-kurs» på TREseminaret, og ha barna med til Dovre.
Kurset er opent for alle som er interesserte, og det er ingen føresetnad for påmelding at foreldre skal gå kurs. Passar for barn i skulealder.
Utstyr: Barna må vere kledde for å vera ute, og kan gjerne ha med eigen spikkekniv, men vi har også knivar og verktøy til utlån.
Tidspunkt og program:
Fredag 26. april kl 09.00 -17.00
Laurdag 27. april kl. 09.00 - 17.00:
Kurspris:
Fredag kr 250,-
Laurdag kr. 250,-.
Fredag - søndag kr. 400,-
Moglegheit for å delta ein eller fleire dagar.
Aktivitetar:
- Arbeid med skjerande verktøy og ferske emne rett frå skogen med ugangspunkt i nytt hefte "Grønn sløyd"
- safari på "vaksen"-kursa.
Kursstad: Oppmøte ved gulbygget på Hjerleid.
Måltid: Deltakarane må ha med seg matpakke, men får servert saft, kjeks, og frukt kl.10.00 og 14.00. Ta med kopp.
Kurslærar: Arild Larsen, husflidskonsulent i Hedmark.